Kontaktinfo
Gründer og dagleg leiar: Camilla Aasen
Telefon: +47 47288004
E-post: post@vestavin.no
Levert av Mediebruket Ι Personvernerklæring
Konsertar, vinslepp, og andre gleder gjennom heile året
Concerts, wine launches and other delights throughout the year
Vestlandet i eit glas, med alt sitt særpreg
Svalt og intenst
Leikande lett og grav alvorleg
Frå lyse sommardagar til hustrig haust,
Blåfrosen vinter og struttande vår
Ekte i alle sine uttrykk
Vestavin er i ferd med å gjere eit nedlagt småbruk i solrike bakkar over Jølstravatnet om til Vingarden på Jølst.
Gjennom året er gardsutsalet ope kl 16-18, det er ope for gruppebestillingar, og stadig dukkar det opp eitt og anna arrangement, som konsert, pop-up restaurant, vinslepp eller juleopen vingard.
Samstundes går ferda frå eit nedlagt småbruk med hol i dei fleste tak til ein unik fruktvingard sakte framover. Og utsikta, den er berre uslåeleg! Les meir >
Det starta berrføtt i hagen med solbærsaft på fingrane. I potetkjellaren, mellom aromaeple i kassar og kålrot i mose. Det starta ved saftkokaren til mor mi og på far min sine godt løynde multemyrer. Så kom spørsmålet: Kva meir kan det bli?