Vestavin AS melder oppbod

Den 22. januar 2026 har Vestavin AS meldt oppbod. 

 

Styret har vedteke at det ikkje lenger er økonomisk mogleg å drive Vestavin AS, så då har eg lista opp alt Vestavin AS eig og kven Vestavin AS skuldar pengar til og sendt det til tingretten. Ver så god. Så langt kom vi, men ikkje lenger. 

 

Det er så mykje som ikkje står på dei listene, så mykje som ikkje viser att i det styrevedtaket:

Alle som har støtta og heia, som har satsa og investert på kvar sine måtar i min draum og min visjon om kva som skulle vere mogleg å få til. 

Alle flaskene, alle eksperimenta, alle smakingane, alle reaksjonane, alle justeringane, dei overraska blikka, dei skeptiske, dei begeistra. 

Alle dagane der eg har trakka mellom produksjon, sal, administrasjon, gard, kundar og instagram-videoar. Dagar eg har hatt stålfokus og knadd meg gjennom oppgåvene i eit bankande køyr, meistra og makta omtrent utan ende, og dagar der eg har komme heilt utav det og berre surra mellom alt eg burde ha gjort, men ikkje rekk, og kjent på uroa over kor uendeleg utilstrekkeleg ein gründer kan vere. 

Sju år der eg har hoppa med begge beina inn i eit liv som handlar om å få dette til, koste nesten kva det koste vil, der eg har kjent på eigne grenser, justert og halde fram. 

Eg har lykkast og møtt motgang. Eg har mista og samla opp at motet tallause gongar, for så lenge ein trur og ser at det kan lykkast, så kan det faktisk det. Sjølv om Vestavin AS no endar her, veit eg at det kunne gått, hadde berre ein del ting vore litt annleis. 

 

Den store feilen eg har gjort, er å ikkje klare å bygge eit team i Vestavin. Eg har visst det, men eg har ikkje forstått korleis eg skulle gjere det. I starten går det greitt, når du som er motoren er nysmurd med idear og optimisme og lasset er lite. Så veks lasset gradvis, men utan stopp. I starten veks motoren også, med nye arbeidsmåtar, nye metodar og ny lærdom, men så veks lasset forbi og motoren blir for liten, enkelt og greitt. Utan stor nok motor må lasset før eller sidan gå over ende, viser det seg. Eg har visst at eg måtte få inn fleire hender og fleire hovud, men så har det handla om å overleve, halde fast og krysse fingrane for at rundt den svingen her, over denne vesle kneika, då løsnar det, då vil det openberre seg ein god og farbar veg. Det eg har lært, mest av alt, er at ein person, eitt menneske, ikkje kan vere nok for eit prosjekt som Vestavin, sjølv med ein liten horde av støttespelarar rundt seg. 

 

Det må også seiast at det å få vere gründer er eit privilegium. Å få lov og rom til å forfølge ein idè, jobbe for å sette ein visjon ut i livet og utforske moglegheiter som ikkje fanst før er noko av det mest spennande og meiningsfulle eg har fått halde på med, samstundes som det definitivt også har vore noko av det vanskelegaste. Eg er utruleg takksam for reisa eg har hatt, sjølv om eg skulle ønske at konkurs ikkje vart eit punkt på vegen. 

 

Og til deg som spør «Kva no, då?»: 

Vestavin AS har leigd og drive Vingarden på Jølst. Det er eg, Camilla, som eig garden, og som no må ta til å finne ut korleis det no skal bli på denne vakre staden. Når det lysnar av vår, når optimismen og skapartrangen gror fram på ny, då får vi sjå om det viser seg ein veg og ei ny løysing.

Kontaktinfo

Gründer og dagleg leiar: Camilla Aasen
Telefon: +47 47288004
E-post: post@vestavin.no

Vingarden på Jølst

Jølstravegen 2380
6843 Skei

Vineriet

Sagevegen 28
6847 Vassenden

Vestavin på sosiale medium

@vestavin @vingardenpajolst

@vestavin @vingardenpajolst

Levert av Mediebruket Ι Personvernerklæring