Vesle Lerka

Og vesle lerka, ho hev det slik,
at finn ho ei solstråle so vert ho rik.
Då stig ho i høgdi og trallar i lit
Til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit.
– Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti!

– Per Sivle, 1857-1904

Den glade lerka flyg fritt over hovuda vore, uberørt av alle våre små og store vanskar. Kva meir passande namn kan ein finne på alkoholfrie drikkar?

Same om du må køyre heim, har nytt liv i magen, eller av kva som helst annan grunn vel å ikkje drikke alkohol, skal du finne noko godt i glaset her. Naturlege, vestlandske råvarer, ekte, spennande smakar og jordnær handverksproduksjon gjev deg nye strengar å spele på, om du vil finne drikke til maten, til kosekvelden eller ei gåve til ein venn.

Det er utvikla fleire nye produkt frå Vesle Lerka, og nye variantar er stadig under utvikling. Til no har Vesle Lerka vore produsert i små, sesongbaserte volum og har berre vore mogleg å kjøpe på Vingarden på Jølst, men vi jobbar med å få opp produksjonsvolum på utvalde produkt slik at også kundar andre stader kan nyte varene våre.

Målet er alkoholfrie varer som er like interessante, matvenlege og nyanserte som dei alkoholhaldige motpartane.

Kontaktinfo

Gründer og dagleg leiar: Camilla Aasen
Telefon: +47 47288004
E-post: post@vestavin.no

Vingarden på Jølst

Jølstravegen 2380
6843 Skei

Vineriet

Sagevegen 28
6847 Vassenden

Vestavin på sosiale medium

@vestavin @vingardenpajolst

@vestavin @vingardenpajolst

Levert av Mediebruket Ι Personvernerklæring