Draumen og gründeren

Kva meir kan det bli?

Det står der og veks, men ingen ser ut til å bry seg. Rips, solbær, nype, rognebær og rabarbra. Anonyme aroniahekkar i kilometervis, krekling, blomar og ville vekstar. Finst det ein måte å utnytte det? Løfte og foredle det? Kanskje få i gang ei heilt ny næring, berre ut frå å spele opp det vi allereie har? Kan fruktvin vere ei løysing? Kva er fruktvin, eigentleg, og er det godt?

Dette var tankerekka som i 2014 gav startgneisten til det som i dag er Vestavin. Camilla fekk tak i boka Vinlegging for nybegynnere hos tante Kari, skaffa nokre små glasballongar og nokre plastkanner og sette i gang. Trampa nypene med brødpose på foten. Dei første vinane hadde 14 prosent alkohol eller meir, med tydeleg syre og restsødme til å balansere det ut. Heilt etter boka.

I åra som følgde kom fleire råvarer og utprøving av lette, knusktørre vinar i gang. Spørsmålet kva meir som kan bli til, kva som er mogleg, er langt frå utforska. For kvar nye råvare viser eit heilt landskap av moglegheiter seg. Sortar, blandingar, gjærsortar, teknikkar, temperaturar og lagringsmåtar. Det er ei heilt ny verd.

Draumen, med stor D, er å vere blant dei som etablerer ei ny, naturnær næring. Bygge verdi ut frå det som vert oversett, lage gull av gråstein. Finne nye måtar å spele på lag med klima og natur og slutte å gå over bekken etter vatn. Eller vin.

Kva meir får eg til?

Det var eg, Camilla, som starta Vestavin AS i 2019. Det var eg som vart nysgjerrig på fruktvin, på råvarene og på moglegheitene. Då eg sette mine første fruktvinar på små glasballongar til modning i kjellaren, hadde eg ingen aning om kva eg var i ferd med å dra i gang. At det få år seinare skulle føre meg inn i ein kvardag der eg kan veksle mellom å plukke og sanke, skure tankar, halde vinmakarmiddag på Michelin-restaurant, ligge på magen med hovudet ned i ein gamal brønn med skurekost og pumpe og å sende kassar med eigne, nye produkt ut i verda til restaurantar og Vinmonopol. I utgangspunktet er eg utdanna sosialantropolog og skreiv mastergrad om kvinner og individualisering i det moderne, urbane Kina, og i kapittelet før Vestavin jobba eg som journalist og kommunikasjonsrådgjevar. Du kan trygt seie at det berre har balla på seg.

Eg kunne ikkje fått til noko av det eg har gjort om eg stod heilt åleine. Eg har eit fornuftig styre, ein klok og nevenyttig far, gode nettverk av bransjekollegaer rundt meg og ein liten flokk av gode hjelparar som stiller opp med råd og hjelp kvar gong eg støter på ei utfordring eg ikkje veit å komme forbi. Framleis er det mykje land å innta, mykje å finne ut av, mykje å fikse og mykje som ideelt sett skulle ha vore gjort for lenge sidan. Men det går framover, og det, har eg lært, er alt ein kan krevje.

Kontaktinfo

Gründer og dagleg leiar: Camilla Aasen
Telefon: +47 47288004
E-post: post@vestavin.no

Vingarden på Jølst

Jølstravegen 2380
6843 Skei

Vineriet

Sagevegen 28
6847 Vassenden

Vestavin på sosiale medium

@vestavin @vingardenpajolst

@vestavin @vingardenpajolst

Levert av Mediebruket Ι Personvernerklæring