
Tanken bak: Å løfte fram våre vestlandske råvarer
Rips, solbær plomme og rabarbra. Krekling, honning, blomar og ville vekstar. Vestavin lagar fruktvin og alkoholfrie drikkevarer av eit mangfald av dei råvarene som veks og trivst i det vestlandske klimaet.
Det handlar om å utforske og å spele på styrkene vi har, løfte fram kvalitetane som finst og utnytte ressursane som er tilgjengelege.
Vestavin jobbar med produktutvikling ut frå enkle prinsipp. Kvar råvare må få komme til sin rett, og stille sine spesifikke krav til vinmakinga. Somme tider passar det då å sjå til ulike delar av den vide vinverda, somme tider kan ein hente inspirasjon frå sider, og andre gongar er den beste framgangsmåten å finne i kjellarar der det har vore laga fruktvinar i vel hundre år.
Somme tider må ein berre prøve seg fram, legge etablerte sanningar til sides og sjå kva som faktisk skjer. Det meste er uprøvd.
Ein hovdregel i produksjonen, er å jobbe så naturleg som mogleg. Til tider betyr det ei naturvinstilnærming, der ingenting anna enn råvarene vert tilsett, andre gongar betyr det å gjere bevisste val om kva tilpassingar og tilsettingar råvarene krev for å vise seg frå si beste side, og for å treffe balansen mellom fridom og kontroll i den vesle produksjonen.
Somme produkt vil komme att årgang etter årgang, andre er enkeltproduksjonar, eksperiment eller utprøvande steg på vegen mot noko nytt. Alt er handverksproduksjonar i små volum.